Foto: Byggeindustrien.
Foto: Byggeindustrien.

EBA Vestenfjelske: Satsar på rekruttering frå borna er små

Byggeplassen på ViteMeir på Kaupanger i Sogndal har vorte ein suksess. (Foto: Knut-Hendrik Lajord, VeriMedia).

«Han eller ho skal tidleg krøkast som god bygningsarbeidar skal bli», har vore mottoet til EBA Vestenfjelske og Byggopp Vestland for satsinga på ein byggeplass for born på ViteMeir på Kaupanger i Sogndal.

ViteMeir vart opna i november i fjor, som det førebels siste av 13 vitensentre i landet. På Byggeplassen leikar ungane med gule vestar og hjelm. Å styre løft av byggeklossar med ein heisekran er spanande, men det er óg mykje anna å ta seg til med trillebår og ufarleg verktøy. Målet er at borna skal få eit inntrykk av kva som skjer bak gjerdene på ein byggeplass, og gjere operasjonar i lag og kvar for seg som både skaper interesse for å bygge og ei kjensle av mestring.

Eit tiltak for rekruttering

– Vi trur dette har mykje for seg med omsyn til rekruttering til bygg- og anleggsfaga. Gåva frå rekrutteringsfondet vårt på 500.000 kroner har vore avgjerande for realisering av Byggeplassen, seier styreleiar i Byggopp Vestland og styremedlem i EBA Vestenfjelske, Asle Solvang. I tillegg har Åsen & Øvrelid, som har vore totalentreprenør for det staselege vitensenteret, gjeve 300.000 kroner. EBA Vestenfjelske har tidlegare finansiert ein bygge-installasjon på VilVite i Bergen.

– Det er no 452 Byggopp-lærlingar i Vestland, som er rekord. Men verksemdene har trong for mange fleire. Difor må vi vekkje interessa for bygg og anlegg heilt frå borna er små, held Solvang fram.

Læringsopplegg på alle kvardager

På ViteMeir er det minst to læringsopplegg på inntil tre timar på kvardagane. Barnehageborn og skuleklassar frå 1. til 10. trinn fylgjer eit alderstilpassa program som tek dei gjennom Byggeplassen og dei andre installasjonane på senteret.