Innføringskurs i kontraktsrett for BA-bransjen

14. nov 2023, kl. 09.00–15.30
EBA Vestland Stord Hotell, Kjøtteinsvegen 67, Stord 4500,- for medlemmer av EBA/BNL/BYGGOPP 5500,- for andre Påmeldingsfrist 7.november

Kurset er retta mot dei som ønskjer ei innføring i kontraktsretten for bygg- og anleggsbransjen. Kurset er praktisk lagt opp med mange døme, små casar og høve til diskusjon. Kurset går gjennom heile kontraktsforløpet i ei entreprisekontrakt/underentreprisekontrakt. Kurset tek utgangspunkt i standardkontrakten NS 8407, men vil òg vere relevant om du arbeider med andre standardkontraktar

Målgruppe

Alle som ønskjer å få ei innføring i entrepriserett, typisk prosjektleiarar, anleggsleiarar, byggeleiarar, rådgivarar eller andre som har ei administrativ rolle i eit byggeprosjekt. Kurset gjev heilt nødvendig kunnskap før ein går inn i ei slik rolle, og gir dessutan ei nyttig grunnlagskunnskap før spesialkursa innan dei ulike entreprisekontraktane.

Kursinnhold

  • Kontraktsinngåingsfasen: Kontraktsmodellar og ulike standardkontraktar, avtaleinngåing og tolking, vederlagsformat
  • Kontraktsperioden: Byggherrens/oppdragsgjevar sine rettar og pliktar, entreprenørens rettar og pliktar, endringar, grunnforhold, svikt i byggherrens medverknad, prosjekteringsfeil, akselerasjon, plunder og heft med meir.
  • Overtaking, Sluttoppgjør

Varighet 

1 dag